Mark Boswell
Utsjånad
Mark Boswell | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 28. juli 1977 (47 år) Mandeville |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006 |
Mark Boswell (fødd 28. september 1977 er ein tidlegare høgdehoppar som representerte Canada, han var fødd i Jamaica og oppvaksen i Brampton i Ontario.
Boswell presterte livsbeste i VM-finalen 1999 i Sevilla, der han sette landsrekord med 2,35 meter og vann sølvmedaljen. Fire år seinare under VM 2003 i Paris tok han bronsen med eit hopp på 2,32 m, jamhøgt med sølvmedaljøren Stefan Holm. Boswell gjekk eller til topps i høgdetevlinga under Pan-Amerika-leikane 1999, samt under Samveldeleikane 2002 og 2006.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (2,23 m=nr 22)
- VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 2,35 m, bakom Vjatsjeslav Voronin (2,37 m)
- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 2,32 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 2,25 m
- VM 2003 i Paris: Bronsemedalje – 2,32 m
- OL 2004 i Aten: Nr 7 – 2,29 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 4 – 2,29 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mark Boswell (athlete)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2022.